• Home
Menu

Matorama

  • Home

Vårrullar

September 13, 2015

Til to treng du:

Vårrullar
10 ark vårrullpapir (filodeig)
200g kjøttdeig
1/2 kål
1 liten pk glasnudlar
1 gulrot
1 liten lauk
1 fedd kvitlauk
1/2 ts karrikrydder
1 ts ingefærkrydder
1 ss sweet chili saus
1 ss fiskesaus
1 ss oystersaus
1 ss søt soyasaus (ketjap manis)
1/2 lime, safta
Frisk koriander
salt og pepper
Nøytral olje til steiking

Tilbehør
Ris
Salat
Sweet Chili saus
 

  1. Ta filodeiga opp av frysen så denne får tid til å tine.
  2. Start med å kutte opp alle grønsakene. Kål, løk og gulrot skjærast i tynne strimlar. Bruk gjerne ein potetskreller eller anna for å lage tynne strimlar av gulrota. Knus kvitlauken i ei kvitlaukspresse. 
  3. Kok opp vatn til nudlane. Når vatnet kokar legg ein glasnudlane oppi og tar kjelen av varmen. 
  4. Steik kjøttdeiga kjapt i ei steikepanne, krydre med salt og pepper.
  5. Når kjøttdeiga har fått farge, ha i dei oppkutta grønsakene, kål, lauk, gulrot og kvitlauk.
  6. Hell nudlane i eit dørslag og tilsette saman med resten i steikepanna. Klipp gjerne nudlane med ei saks før du har dei i panna så er det lettare å handtere fyllet. 
  7. Tilsett så krydder og sauser.
  8. Avslutt med eit dryss finhakka koriander. 
  9. Fordel fyllet til dei 10 vårrullpapira.
  10. Dei ferdigbretta vårrullane fordelast på eit steikebrett, legg vårrullane med bretten ned. 
  11. Pensle alle vårrullane med nøytral olje.
  12. Steikast i ovnen på 200 grader i ca 15 min, eller til dei er gylne i kantane. 
  13. Kok opp ris etter anvisning på pakken, og kutt opp salat medan vårrullane står i ovnen. 
     
Tags vårrull, asiatisk, kjøttdeig, middag
← Strawberry daiquiriItaliensk Pizza →
No results found

STRIKKORD

  • and
  • asiatisk
  • biff
  • bollar
  • brød
  • dressing
  • drink
  • fisk
  • forrett
  • gresk
  • grill
  • hamburger
  • indisk
  • italiensk
  • kake
  • kjøttdeig
  • kveite
  • kylling
  • middag
  • pasta
  • pizza
  • potet
  • pølser
  • salat
  • saus
  • sous vide
  • suppe
  • svin
  • tex-mex
  • vårrull
  • wok

Siste innlegg

Featured
September 16, 2017
Mandagstaco med laks
September 16, 2017
September 16, 2017
July 16, 2017
Pasta Bolognese
July 16, 2017
July 16, 2017
July 7, 2017
Ramen med svinekjøt
July 7, 2017
July 7, 2017
July 6, 2017
Pasta med spekskinke og parmesansaus
July 6, 2017
July 6, 2017
July 6, 2017
Tyrkisk grillspyd med kylling
July 6, 2017
July 6, 2017
July 6, 2017
Grilla kveite
July 6, 2017
July 6, 2017
June 18, 2017
Grillpølse med potetbåtar
June 18, 2017
June 18, 2017
May 28, 2017
Pizzabollar
May 28, 2017
May 28, 2017
July 18, 2016
Lakseburger
July 18, 2016
July 18, 2016
July 13, 2016
Tacosuppe
July 13, 2016
July 13, 2016