• Home
Menu

Matorama

  • Home

Grillpølse med potetbåtar

June 18, 2017

Digge pølser med hasselnøtt og selbu blå frå Annis Pølsemakeri i Mathallen.

Til 2 treng du:

  • Luftige pølsebrød
  • Gode pølser
  • 1 pære
  • 1 minipurre
  • 1 ss olje med sitron
  • 1 ss honning
  • 1 egg
  • 1/2 sjalottlauk
  • 1 dl olje
  • 1 ts dijonsennep
  • Salt og pepper
  • 7-8 mandelpoteter
  • Olje
  • 1/2 ts Natron
  • Chilikrydder
  • Ketchup
  • 1 ts soyasaus
  • Eit par dråpar worcestersaus
  • Litt sriracha saus
  • Litt sukker

Poteter:

Ovsbakte poteter vert endå betre om dei kokast først i vatn med litt natron. Dette gjer at potetene vert sprø utanpå og mjuke inni.

  1. Start med å skrelle og kutte opp potetene i båtar
  2. Legg potetene i ei panne og fyll i vatn til det akkurat dekkar
  3. Kok opp potetne, når vatnet kokar ha i natron og skru ned varmen
  4. La småkoke i 5-10 min
  5. Hell vatnet av potetene og rist dei litt i panna (dette gjer at dei vert meir sprø i ovnen)
  6. Hell potetene over i ei ildfastform med nøytral olje, vend godt så potetene vert dekka i olje
  7. Ha på krydder
  8. Steik i ovnen på varmluft 210 grader i ca 20-30 min

Pære og purresalsa:

  1. Kutt pære og purre i små bitar
  2. Bland godt saman
  3. Ha på 1 ss olje og 1 ss flytande honning, og bland godt saman

Aioli med sjalottlauk:

  1. Ha 1 egg, finkutta sjalottlauk, dijonsennep, salt og peppar og avslutt med 1 dl olje i stavmikser
  2. Sett stavmikseren forsiktig i bunn og start mikseren, jobb deg så sakte oppover til blandinga tjukknar
  3. Hell over i ei skål og sett kaldt

Ketchupmix:

  1. Bland ketchup, soyasaus, worcestersaus, sriracha og sukker

Pølser:

  1. Grill pølsene på grillen, ca. 3-5 min avhengig av type pølse
  2. Skru av grillen og varm brødet i ca 1 min
Tags dressing, grill, middag, pølser, potet
← Grilla kveitePizzabollar →

STRIKKORD

  • and
  • asiatisk
  • biff
  • bollar
  • brød
  • dressing
  • drink
  • fisk
  • forrett
  • gresk
  • grill
  • hamburger
  • indisk
  • italiensk
  • kake
  • kjøttdeig
  • kveite
  • kylling
  • middag
  • pasta
  • pizza
  • potet
  • pølser
  • salat
  • saus
  • sous vide
  • suppe
  • svin
  • tex-mex
  • vårrull
  • wok

Siste innlegg

Featured
Sep 16, 2017
Mandagstaco med laks
Sep 16, 2017
Sep 16, 2017
Jul 16, 2017
Pasta Bolognese
Jul 16, 2017
Jul 16, 2017
Jul 7, 2017
Ramen med svinekjøt
Jul 7, 2017
Jul 7, 2017
Jul 6, 2017
Pasta med spekskinke og parmesansaus
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Tyrkisk grillspyd med kylling
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Grilla kveite
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Jun 18, 2017
Grillpølse med potetbåtar
Jun 18, 2017
Jun 18, 2017
May 28, 2017
Pizzabollar
May 28, 2017
May 28, 2017
Jul 18, 2016
Lakseburger
Jul 18, 2016
Jul 18, 2016
Jul 13, 2016
Tacosuppe
Jul 13, 2016
Jul 13, 2016