• Home
Menu

Matorama

  • Home

Pasta Bolognese

July 16, 2017

Fersk basta er best, og det er ikkje så vanskeleg å få til uten pastamaskin!

Pastadeig

  • 200 g tipo 00 mel (kan erstattast med kveitemjøl)
  • 200 g semolinamjøl
  • 4 egg
  • 1 ts salt

For tips og framgangsmåte sjå denne opskrifta på pasta carbonara.

  1. Bland begge mjøltypane i ein bakebolle
  2. Hell mjølet ut på disken i ein haug og lag ei grop i midten
  3. Ha egga oppi gropa og pisk dei saman med salt ved bruk av ein gaffel
  4. Ta litt og litt mjøl inn i egg-gropa til den begynner å tjukne
  5. Kna gradvis meir av mjølet inn i blandinga til du har ei fast og smidig deig (ca 5 min)
  6. Legg deiga i plast og la den ligge i 30 min
  7. Når deiga er klar del den i to og kjevle ut ein og ein del på eit underlag med mjøl
  8. Kjevle så tynt at du kan sjå gjennom deiga når du held den opp
  9. Dryss mel over deiga og brett den som på bilde under
  10. Skjær tynne strimlar
  11. Pastaen kokast i ein stor kjele med 1 ts salt, den er ferdig etter 2-3 min
  12. Sil av i eit dørslag og tilsett gjerne litt smør
  13. Oppskrifta gir 3-4 porsjonar

Saus (4 porsjonar):

  • 600 g høgrygg
  • 2 boksar hermetiske tomatar
  • 2 gule lauk
  • 2 fedd kvitlauk
  • 0,5-1 raud chili
  • 1 stor gulrot
  • 1 ss tomatpure
  • 1 dl raudvin
  • 1 terning kjøttbuljong
  • 0,5-1 tomatboks fylt med vatn
  • Salt og pepar
  • Olje til steiking
  1. Kutt lauk, kvitlauk, gulrot og chili i terninga
  2. Kutt opp kjøtet i små bitar og fjern eventuelle scener
  3. Brun kjøtet raskt i ei stor gryte, krydre med salt og pepar (gjerne i to omgangar)
  4. Ha i grønsakene og steik til desse er blanke
  5. Tilsett tomatpure, og la det surre eit par min
  6. Tilsett tomater, vin, vatn og buljongterningen og kok opp
  7. La det småkoke i minst 1,5 timar
  8. Smak til med salt og pepar
  9. Server saman med pastaen toppa med ein god parmesan og frisk basilikum
Tags middag, italiensk, pasta, biff, saus
← Mandagstaco med laksRamen med svinekjøt →
No results found

STRIKKORD

  • and
  • asiatisk
  • biff
  • bollar
  • brød
  • dressing
  • drink
  • fisk
  • forrett
  • gresk
  • grill
  • hamburger
  • indisk
  • italiensk
  • kake
  • kjøttdeig
  • kveite
  • kylling
  • middag
  • pasta
  • pizza
  • potet
  • pølser
  • salat
  • saus
  • sous vide
  • suppe
  • svin
  • tex-mex
  • vårrull
  • wok

Siste innlegg

Featured
September 16, 2017
Mandagstaco med laks
September 16, 2017
September 16, 2017
July 16, 2017
Pasta Bolognese
July 16, 2017
July 16, 2017
July 7, 2017
Ramen med svinekjøt
July 7, 2017
July 7, 2017
July 6, 2017
Pasta med spekskinke og parmesansaus
July 6, 2017
July 6, 2017
July 6, 2017
Tyrkisk grillspyd med kylling
July 6, 2017
July 6, 2017
July 6, 2017
Grilla kveite
July 6, 2017
July 6, 2017
June 18, 2017
Grillpølse med potetbåtar
June 18, 2017
June 18, 2017
May 28, 2017
Pizzabollar
May 28, 2017
May 28, 2017
July 18, 2016
Lakseburger
July 18, 2016
July 18, 2016
July 13, 2016
Tacosuppe
July 13, 2016
July 13, 2016