• Home
Menu

Matorama

  • Home

Hamburger

September 15, 2015

Ingenting er som ein god hamburger!

Hamburger
Kjøttdeig >14% fett (ca 150 g pr pers)
Salt og pepper

Brød (ca 6-7 stk)
500g kveitemjøl
1/pk tørrgjær
2 dl vatn
1-1 1/2 ts salt
75 g mjukt meierismør
1 egg

Aïoli
1 eggeplomme (temperert)
1 dl nøytral olje
1 kvitlauk
litt sitronsaft
chili
salt og pepper

Tilbehør
God ost
Salat
Agurk
Tomater
Potetbåter

Her i huset vert burger alltid laga ved bruk av sous vide, slik har det vore sidan Sansaire sous vide maskina kom i hus. Dette gjev ein perfekt burger, som gjerne er litt rosa inni. 

Sansaire sous vide

Start ved å velgje godt kverna kjøtt (kvern gjerne sjølv om du har muligheit til det). Kjøttdeiga bør innehalde ein del fett for at burgeren skal bli saftig, ikkje bruk karbonandedeig.

Hamburger

  1. Tilsett salt og form kjøttet forsiktig til burgera.
  2. Burgerane leggast så i kvar sin zip-lock pose og plasserast i sous vide maskina som held konstant 56 grader. Dette tek ca 45 min, men det er ingen krise om dei vert liggande lenger, det er det som er topp med sous vide!
  3. Når burgeren er ferdig brunast den raskt i ei varm steikepanne eller på ein varm grill for å få den rette skorpa.

Hamburgerbrød

  1. Burgerbrød lagast ved å blande vatn, tørrgjær, mjøl, salt og egg. Bruk ei kjøkkenmaskin og elt i ca 5 min. Heilt tilslutt tilsettast smøret i små terningar. Elt i ca 10 min til alt smøret er elta inn i deiga. Deiga skal vere litt klissete, men om den er veldig vanskeleg å jobbe med, tilsett meir mjøl. La deiga heve til dobbel størrelse, minst 1 time.
  2. Når deiga har heva, del opp i 6-7 emner og trill runde bollar.
  3. Plasser brøda på eit steikebrett og etterhev ca 45 min.
  4. Når brøda har heva penslast dei med egg og steik i ovenen på 200 grader i ca 15 min. 

For tips til kjøtt og steiking av burger sjå her: http://www.godt.no/#!/artikkel/20383238/ni-grep-for-perfekt-hamburger

burger2.jpg
burger2.jpg



Tags hamburger, sous vide, middag, brød, potet, dressing
← GyrosStrawberry daiquiri →

STRIKKORD

  • and
  • asiatisk
  • biff
  • bollar
  • brød
  • dressing
  • drink
  • fisk
  • forrett
  • gresk
  • grill
  • hamburger
  • indisk
  • italiensk
  • kake
  • kjøttdeig
  • kveite
  • kylling
  • middag
  • pasta
  • pizza
  • potet
  • pølser
  • salat
  • saus
  • sous vide
  • suppe
  • svin
  • tex-mex
  • vårrull
  • wok

Siste innlegg

Featured
Sep 16, 2017
Mandagstaco med laks
Sep 16, 2017
Sep 16, 2017
Jul 16, 2017
Pasta Bolognese
Jul 16, 2017
Jul 16, 2017
Jul 7, 2017
Ramen med svinekjøt
Jul 7, 2017
Jul 7, 2017
Jul 6, 2017
Pasta med spekskinke og parmesansaus
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Tyrkisk grillspyd med kylling
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Grilla kveite
Jul 6, 2017
Jul 6, 2017
Jun 18, 2017
Grillpølse med potetbåtar
Jun 18, 2017
Jun 18, 2017
May 28, 2017
Pizzabollar
May 28, 2017
May 28, 2017
Jul 18, 2016
Lakseburger
Jul 18, 2016
Jul 18, 2016
Jul 13, 2016
Tacosuppe
Jul 13, 2016
Jul 13, 2016